Biblioteket stengt frå måndag

Klikk for stort bilde Pixabay_Piro4D  Onsdag 11. mars stengte vi biblioteket for besøk. Frå måndag 16. mars avsluttar vi også alt utlån inntil vidare. Dette er for å redusere talet på bøker som må i karantene etter stenginga. Folkeelseinstituttet informerer om at virus kan overleva og vera aktivt opptil fleire veker på flater som bøker og andre medium. Vi må difor sette alle bøker som er utlånte i karantene når dei kjem inn att.

 

Vi minner om at lånarar ikkje skal levere bøkene i bokkassa vår nå. VI forlengar lånetida og ventar med å ta imot bøker frå lånarar til biblioteket opnar att. Vi orsakar dette, men det er eit tiltak for å hindre smittespreiing og omfanget av koronautbrotet. E-bøker smittar ikkje, og vi kan tilrå appen Bookbites. Ta kontakt med biblioteket viss de treng hjelp til å koma i gang. De når oss på e-post biblioteket@lom.kommune.no eller på telefon 47 71 18 09.