Biblioteket stengt inntil vidare

På biblioteket er vi delvis på plass i biblioteket og driv med internt arbeid der eller har heimekontor og driv med oppjusteringar av katalogen, førebur formidling eller har kontorarbeid. Det betyr at vi er å nå på e-post biblioteket@lom.kommune.no eller telefon 477 11 809 i opningstidene.

 

Denne veka har to av oss vore sjuke og ein har jobba 50%. Det kan difor ha vore vanskeleg å nå oss på telefon. Vi orsakar dette. Telefonen vil frå nå av vera betent.

 

Vi viser elles til informasjon her og på facebooksida vår. Vi driv dessverre ikkje utlån denne perioden. Det de har lånt, blir ikkje purra før vi opnar att. Vi tilrår e-bokappen Bookbites så lenge. Kontakt oss for informasjon om pålogging.