Hjernekveld 8. juni

Hjernekveld - Klikk for stort bildeHjernehelse? Kva tenkjer du om det? Vi kan skifte ut nesten alle organ i kroppen vår, men vi har berre ei hjerne som vi skal leva med heile livet.

Isabelle Ljøsne som er busett i Lom, jobbar i FHI og skal leie hjernekvelden på biblioteket onsdag 8. juni kl. 19.00. Ho har med seg to av våre fremste hjerneforskarar, professor Christian A Drevon og Stine Kleppe Krogsrud. Dei deltek på Zoom. Forskarane skal presentere resultat frå ei større undersøking om hjernehelse der deltakarar frå fleire europeiske land har delteke.

Thomas Rannstad Haugen, prosjektleiar for framtidig bu- og tenestetilbod i Lom, skal også delta. Han har tidlegare vore prosjektleiar for nasjonale hjernehelsestrategi i Helsedirektoratet.

Det er hjerneforskarar frå øvste hylle som deltek på hjernekvelden. Det blir også gjennomført ei lita spørjeundersøking om hjernehelse blant dei frammøtte (heilt ufarleg) og det blir opna for spørsmål frå salen.

Vel møtt til ein spennande og lærerik hjernekveld på biblioteket.