Klassikarar for framtida

Klikk for stort bildeI 2017 fekk Lom folkebibliotek prosjektmiddel frå Fritt Ord til å formidle klassikarar i bibliotek. Vi ynskte å sette fokus på moderne klassikarar; nye, norske utgjevingar med potensial til å bli klassikarar. Vi valde å avgrense utvalet til utgjevingar frå 2013 til 2017. 

Vi fekk med oss fire av dei fremste litteraturkritikarane i landet, Bernhard Ellefssen, Janneken Øverland, Bjørn Ivar Fyksen og Merete Røsvik, til å kåre ei liste med 25 nye klassikarar. 

Lista er klar med korte omtaler til kvar bok. Nå er også marknadsføringsmateriellet klart, og i dag sende vi ut tilbod til dei andre biblioteka i landet om å bli med. Biblioteka i Sarpsborg og Trondheim er med oss på laget frå før, og så langt i dag har bortimot tjue andre bibliotek meldt si interesse. Det synest vi er strålande! 

Vi skal opprette ein nettstad til prosjektet der vi legg ut ein ny klassikar kvar veke i 25 veker frå 1. mars. Følg med for fleire oppdateringar om klassikar-prosjektet framover. Vi gler oss til å sette fokus på ny, norsk kvalitetslitteratur i Bokåret 2019!

Prosjektet har også motteke støtte frå Kulturrådet, G-Kultur og Sparebank1 Lom og Skjåk.