Vil du vere lomsvenn?

Du kan hjelpe flyktningar til å bli kjent i Lom, byggje nettverk, og få gode opplevingar saman med andre lomverar. Bli kjent med nye mennesker frå ulik kulturell bakgrunn.

Kva er ein lomsvenn?

Friviljuge som ynskjer å bli kjent med nye innbyggjarar, kan melde seg som ”Lomsvenn” på Friviljugsentralen.

  • Du vil bli kopla saman med ein einsleg eller ein familie.

  • Det blir lagt vekt på felles interesser og livssituasjon.

  • Eksempel på ting å gjere saman:

    • gå på fritidsaktivitetar

    • sjå ein fotballkamp

    • lære å lage mat frå den andre sitt land

    • syne turområder i nærmiljøet osv.

Det er behov for vaksne i ulike aldersgrupper og livssituasjonar. Tre punkt ca. to gongar pr. månad. 

Tips til deg som er lomsvenn

  • Snakk om kva forventninga de har til kvarandre, og kva de ynskjer å gjere saman. Det er lov å setje grenser for kva du kan bidra med.

  • I fleire kulturar er synet på tid og avtalar annleis enn i Noreg. Det kan vere lurt å ha klare avtalar og forsikre seg om at begge partar har forstått kor og når aktiviteten skal vere.

  • Ordninga er 100 % friviljug, og kvar enkelt dekkjer eigne utgiftar. Det er positivt å gjere ting saman som kostar minst mogleg.

  • Spør om det skal takas spesielle omsyn i høve til mat (nokon et t.d. ikkje svinekjøtt).

  • Dersom det oppstår misforståingar eller utfordringar som er vanskelige å løyse, er det berre å ta kontakt med Friviljugsentralen.

Lykke til!