Natteravn

Kva er ein natteravn?

Natteravning handlar om å vera tilstades for barn og unge på kveldstid - oft knytt til at det er eit større arrangement i Lom. Ein ser at det har positiv effekt at det er synlege vaksne i sentrumsbildet når det er «ball»! No er det behov for natteravnar i Lom kommune! Natteravning i Lom er eit samarbeid mellom Lom kommune, FAU ved Lom ungdomsskule, Politiet og Lom friviljugsentral.

Bli natteravn!

Har du moglegheit til å bruka litt av tida di til å vera natteravn? Natteravnane i Lom hadde sett stor pris på om det hadde vore mogleg å hatt namnet DITT på lista over natteravnar! Å vera natteravn er sosialt, triveleg, og eit positivt bidrag til lokalsamfunnet vårt!

Meld deg som natteravn her: 

Felt merket med * må fylles ut