Frå 21. juni til 16. august har biblioteket fylgjande opningstider: 
Tysdag: 10.00 til 14.00
Onsdag: 15.00 til 19.00
Torsdag: 10.00 til 14.00
Fredag: 10.00 til 14.00
Kom og lån deg god sommarlektyre!
 

Sommerles er i gang! Registrer deg og bli med på den største og kulaste lesekampanjen i landet! Ungar frå 1. til 7. klasse kan bli med. Les så mykje du orkar, samstundes som du samler XP (poeng), troféar og premiar. Stikk innom biblioteket, få tips og lån med deg bøker, hent kodeord og premiar. Hugs å registrere alt du les - kvar einaste side tel! Det er inga konkurranse ungane i mellom. Alle som deltek blir litt flinkare til å lesa, og kanskje finn du bøker du likar kjempegodt og blir ein storlesar i løpet av sommaren. God lesesommar!

Fredag 10. mai kl. 11.30 inviterer vi til litterær lunsj att. Lom bygdekvinnelag byr på kakuskiver og kaffi. Bibliotekarane byr på litterære smakebitar. Gratis inngang. Hugs kontantar til mat og kaffi! Velkomne skal de vera!

I morgon kl. 18.00 blir det avslutning for Vinterles på biblioteket. Forfattar Jan Ove Ekeberg kjem for å prate om bøkene sine. Han er også kjend frå TV2 Nyhetskanalen der han i fleire år leia nyheitene som handla om økonomi. Vi offentleggjer om vinnaren av hovudgevinsten hamnar i Lom og har fått ei gild fruktkorg frå Kiwi som vi loddar ut. Velkomne skal de vera!

Laurdag 13. april har vi ope 10.00 - 14.00 som vanleg. Måndag 15. april har vi ope 12.00 - 19.00. Tysdag 16. og onsdag 17. april har vi stengt. Det betyr at du må skaffe deg påskelesnad før tysdag! God påske!

Prosjektet vårt "Dei nye klassikarane" er i gang! 59 bibliotek frå Mandal i sør til Beiarn i nord har nå blitt med oss. Det synest vi er stor stas! Vi har oppretta ein nettstad til prosjektet der dei 25 nye klassikarane blir presenterte utover året: 

Moderne klassikarar. 25 nye norske

 

På biblioteket har vi utstillingar og oppmodar lomverar og alle andre til å bli med og lesa dei nye klassikarane i Bokåret 2019. Kanskje har du lese nokre frå før? Da får du stempel i registreringsskjemaet og er i gang. Premiar er ein signert klassikar og skråpå-tå på Brimi sæter. Iselin og Ola er med. Bli med du òg! 

Onsdag 6. mars er biblioteket ope frå 10.00 til 15.00. Det blir stengt på kveldstid. Endringa gjeld berre denne onsdagen. 

Måndag 4. mars frå 17.00 til 19.00 får vi besøk av Karrieresenteret. Har du spørsmål om utdanning, jobb og moglegheiter innan utdanning og yrkesliv, så stikk innom for ein hyggeleg prat over ein kopp kaffi!

1. til 10. klassingar! Hugs N-Games-turnering på biblioteket fredag 15. februar kl. 17.00. Instruktørar frå Otta og Are stiller. Kom og bli med!

I 2017 fekk Lom folkebibliotek prosjektmiddel frå Fritt Ord til å formidle klassikarar i bibliotek. Vi ynskte å sette fokus på moderne klassikarar; nye, norske utgjevingar med potensial til å bli klassikarar. Vi valde å avgrense utvalet til utgjevingar frå 2013 til 2017. 

Vi fekk med oss fire av dei fremste litteraturkritikarane i landet, Bernhard Ellefssen, Janneken Øverland, Bjørn Ivar Fyksen og Merete Røsvik, til å kåre ei liste med 25 nye klassikarar. 

Lista er klar med korte omtaler til kvar bok. Nå er også marknadsføringsmateriellet klart, og i dag sende vi ut tilbod til dei andre biblioteka i landet om å bli med. Biblioteka i Sarpsborg og Trondheim er med oss på laget frå før, og så langt i dag har bortimot tjue andre bibliotek meldt si interesse. Det synest vi er strålande! 

Vi skal opprette ein nettstad til prosjektet der vi legg ut ein ny klassikar kvar veke i 25 veker frå 1. mars. Følg med for fleire oppdateringar om klassikar-prosjektet framover. Vi gler oss til å sette fokus på ny, norsk kvalitetslitteratur i Bokåret 2019!

Prosjektet har også motteke støtte frå Kulturrådet, G-Kultur og Sparebank1 Lom og Skjåk. 

Kontakt

Lom folkebibliotek
Mobil 477 11 809

Bloggen vår: Tre vise kvinner

Rita Mundal
Leiar Lom folkebibliotek

Opningstider

Måndag

12.00 - 19.00

Tysdag

Stengt

Onsdag

12.00 - 19.00

Torsdag

10.00 - 15.00

Fredag

10.00 - 15.00

Laurdag

10.00 - 14.00