Lånereglar ved Lom folkebibliotek

  • Det er gratis å bruke biblioteket
  • Som lånar blir du registrert og får lånekort
  • Er du under 15 år, må du ha underskrift frå føresette
  • Det meste som finst i biblioteket kan lånast med heim
  • Leksikon og andre oppslagsverk kan som regel ikkje lånast ut
  • Ynskjer du å låne noko som er utlånt, kan vi setje deg opp på venteliste
  • Bøker, artiklar m.m. som vi ikkje har i eiga samling, kan i dei fleste tilfelle lånast inn frå andre bibliotek
  • Ny og etterspurd pensumlitteratur der heile eller store delar av boka er pensum, må studentar rekne med å skaffe sjølve
  • Du kan søke i samlinga 

Lånetid

Bøker, lydbøker, musikk: 4 veker
Tidsskrift: 1 veke Video: 1 veke
Språkkurs: 8 veker
Du kan forlenge lånetida dersom det ikkje er venteliste. Ring, send e-post, kom innom biblioteket eller logg inn på heimesida på Meg & mitt.
 

Gebyr 

1. varsel er gratis. Blir sendt ut 14 dagar etter forfallsdato, dagen etter forfallsdato når det er venteliste på det lånte materiellet
2. varsel: 50 kr for vaksne lånarar (lånarar som har fylt 15 år).
3. varsel: Varsel om erstatningskrav
Har du fått varsel med purregebyr, må gebyret betalast sjølv om materiellet blir levert.
Gebyret kan betalast kontant på biblioteket eller med Vipps. Viss du ikkje betaler gebyret på biblioteket, vil du motta faktura frå kommunekassen. Da må du betale eit faktureringsgebyr på 50 i tillegg.

Erstatningskrav

Bøker og lydbøker vaksne: 450 pr bok
Bøker og lydbøker barn: 350 kr
Film og musikk: 250 kr
Tidsskrift og småtrykk: 50 kr

Kontakt

Lom folkebibliotek
Mobil 477 11 809

Bloggen vår: Tre vise kvinner