Sommarles godt i gang!

Les så mykje du orkar i sommarferien, høyr lydbøker, og få med deg forteljinga "Asbjørn og Astrid i verdensrommet" inne på Sommarles. Slik samlar du poeng, og kan hente preimar på biblioteket etter kvart som du når dei ymse nivåa. Du kan også spele spel og følgje med på kva vennene dine les inne på Sommarles. Kvar måndag blir det hengt opp nytt kodeord i biblioteket. Kom og leit dei fram!

Kampanjen er for alle barneskuleelevar, også dei som tek til på skulen til hausten. Ta kontakt med biblioteket dersom du har spørsmål om kampanjen. God sommar!

 

Lenkje: https://sommarles.no/