Møte om dugnadsfiber 19. februar.

Er du gira på betre breibandsdekning? Måndag 19. februar blir det arrangert to møte om dugnadsfiber saman med Eidsiva og private initiativtakarar.  Sjekk ut om dette er aktuelt for deg!


 

Det er fleire område i Lom kommune som slit med dårleg breibandsdekning, og der det er lite lønnsamt å bygge ut. Der kan dugnadsfiber vere eit alternativ.
Dugnadsfiber er fiber som blir bygd ut på bakgrunn av eit samarbeid mellom private eldsjeler og utbyggjar, i tillegg til eventuelle offentlege tilskot. I dette tilfelle er det Eidsiva breiband som er den aktuelle utbyggjaren og samarbeidsparten.

Føremålet med møta er: 
- Å informere om dugnadsfiber og korleis det kan organiserast / finansierast
- Å kartlegge interessa for dugnadsfiber i dei aktuelle områda.

Ved tilstrekkeleg interesse (minimum 20 husstandar) er det ynskjeleg å sette saman ei lokal gruppe som kan jobbe vidare med prosjektet, i samarbeid med Eidsiva og Lom kommune. Vi håper derfor at alle som ynskjer seg betre breibandsdekning tek seg tid til å stille. 

 

Kl. 17 – 18.30: Møte om dugnadsfiber for busette langs Riksveg15, frå Prestgardssvingen til kommunegrensa ved Skjåk.
Møteplass: kommunestyresalen på Midtgard.
Arrangør: Skim grunneigarlag, Eidsiva og Lom kommune. 
Du finn Facebook-arrangementet inne på Lom kommune si Facebook-side. 

Kl. 19.00 – 20.30: Møte om dugnadsfiber for busette i Lia.
Møteplass: Lidarende (grendahus).
Arrangør: Lia ungdomslag, Lia grunneigarlag, Lom kommune, Eidsiva. 
Du finn Facebook-arrangementet inne på Lom kommune si Facebook-side.