Utviklingsmidlar til små- og mellomstore bedrifter som er ramma av korona i Lom kommune

Dette er eit lågterskeltilbod for alle bedrifter som er vesentleg ramma av korona, men som ikkje får støtte til utviklingsarbeid gjennom andre tilskotsordningar.
Legg merke til søknadsfristen 15. april, dette er for å sikre rask framdrift og likebehandling. 

Bedrifter kan søkje om eit tilskot på maksimalt kr. 30 000 per bedrift.
Tilskotet skal brukast til eksterne kostnadar, altså kjøp av varar og / eller tenester knytt til:

  • Kurs og kompetanseheving
  • Omstillingsarbeid
  • Forsking- og produktutvikling
  • Merkevarebygging, t.d. utarbeiding av strategi, marknadsplan, ny heimeside, profil etc.

Tilskotet kan ikkje brukast til å dekke ordinær drift og marknadsføring (t.d. annonser).
Investeringar vil primært ikkje bli støtta.  Det er eit krav om 50% eigeninnsats (og/eller eigenkapital) frå bedrifta.

Dette er eit lågterskeltilbod for alle bedrifter som er vesentleg ramma av korona, men som ikkje får støtte til utviklingsarbeid gjennom andre tilskotsordningar.
Tilskot på høgare hald (IN, fylkeskommune etc.) skal uansett alltid vurderast fyrst, i samarbeid med saksbehandlar. Nyskapande tiltak med eit berekraftig fokus vil bli prioritert fyrst.
Det blir oppmoda til å bruke lokal arbeidskraft / tenester dersom det er mogleg. 

Kva gjer eg for å søkje om tilskot?

  1. Les nøye gjennom vilkåra
  2. Fyll ut dette skjemaet (DOCX, 22 kB)
  3. Send inn søknaden din til ashild.amundsen@lom.kommune.no innan 15. april. Søknadsfristen er kort, dette er for å sikre raske svar og likebehandling.

Heile tilskotet blir utbetalt på forskot, men det skal sendast inn rapport på at tiltaket er gjennomført innan to år. Dette er ei spesialordning i ei avgrensa periode på grunn av korona.  Ordninga gjeld for bedrifter i Lom kommune.

Ta gjerne kontakt med næringssjef Åshild Myhre Amundsen på ashild.amundsen@lom.kommune.no / 975 22 977 viss du har spørsmål til ordninga.

NB: Det er mogleg å søkje om andre tiltak / meir enn kr. 30 000, men da gjeld ordinære reglar for bruk av næringsfondet og løpande søknadsfrist.
Retningslinjene for bruk av næringslivet kan du lese her.