Ledige næringslokale i Lom

Er du på jakt etter ledige næringslokale i Lom? Da kan denne oversikten vera til hjelp.

Ta gjerne kontakt med kommunen eller utleigar dersom du har spørsmål.

Kommunen tek ingen ansvar for eventuelle feil eller manglar i lista.

Ledige kontor - nybygg i industriområdet

Fellesareal - Klikk for stort bildeFellesareal I Liavegen 65 er det ledig tre kontor for utleige. Kontora er ljose, moderne og relativt store.  I bygget er det også ein stor gang som enkelt kan byggast om til eit kontor til.  

I tillegg til kjøkkenkrok og toalett/bad er det eit stort møterom/kvilerom som for det meste er ledig.

Det største kontoret er 18,8 m2, 16 m2 og det minste er 11,5 m2.

Ta kontakt for meir informasjon. 
Kontaktperson: 
Anne Sperstad, e-post anne.sperstad@online.no / tlf. 957 23 671.

 

 

 

Nilsbue - lokale til leige

Nilsbue i Lom sentrum er klar til utleige - Klikk for stort bildeNilsbue i Lom sentrum er klar til utleige Mari Wedum Deler av dei tidlegare lokala til Kiwi kan leigast ut til nye aktørar. I Lom er bygget kjent som "Nilsbue". Huset er lokalisert rett ved rundkøyring i Lom sentrum, i umiddelbar nærleik av m.a. Rv15, bussterminalen og Bakeriet i Lom. Her finst det i dag turistinformasjon, blomsterbue, offentleg toalett og leiligheiter. Både kontor og butikkareal kan vere aktuelt. 
Ta kontakt for meir informasjon: 

Kontaktperson:
Ola Steinbakke, tlf. 908 70 255, e-post: olastein@fjellnett.no

Koldenbygget: lokale til leige

Klikk for stort bildeButikklokale i Koldenbygget Cecilie og Erik i Tuningservice AS har kjøpt opp det såkalla "Koldenbygget", som ligg heilt inntil Rv15 i innkøyring.  
Bygget blir no renovert, og Tuningservice AS kjem til å bruke det eine butikklokale på bakkeplan.
Men bygget er stort, så det kan vere aktuelt med utleige i deler av bygget.  
Ta gjerne kontakt for meir informasjon. 

Kontaktperson: Cecilie@tuningservice.no / 45 81 25 63
 

Tidlegare Lom Møbelindustri: lokale til leige

Klikk for stort bildeLom Møbeleiendom  
Ved tidligare Lom Møbelindustri er det lokale til leige, samlokalisert med Møbler fra Lom (møbelbutikk) og Logre veterinærklinikk. 
Lokala er ligg lett tilgjengeleg og har gode parkeringsmoglegheiter.
Ta kontakt med utleigar for meir informasjon. 

Kontaktperson: Ola Steinbakke, mob. 90870255, e-post: olastein@fjellnett.no
 

Lom Næringsbygg AS (ved Stokk & Stein): lokale til leige (sjå video).

Lom næringsbygg - Klikk for stort bildeLom næringsbygg Ukjent  

Ledige areal i Lom Næringsbygg, til både kontor og anna verksemd.
Samlokalisert med Stokk & Stein, BobilLom AS og Dalom til i bygget.  

Fellesareal kjem i tillegg. Leiepris etter avtale.
Sjå video her (noko utdatert):
Kontaktperson:  Jan Christensen for Lom Næringsbygg AS,   Liavegen 40, 2686 Lom,   Tlf. 908 60 858 epost: stostein@online.no

Murgarden: lokale til leige 

Klikk for stort bildeMurgarden og BrimiBue  Murgarden ligg veldig sentralt i Lom, tett ved busstasjonen. Her er det kontor i dag. Sentral plassering i sentrum  

•          Inkl i felleskostnad er: strøm, renhold, renovasjon, kaffe, te, etc.
•          Arbeidsmiljø:  Niventus, Cellvision, Norconsult, DaLom, Visit Jotunheimen AS.
•          Leietakerne har tilgang på felles møterom.

Ta kontakt med Råmund Mundhjeld (tlf. 915 49 879 / raamund@sognefjellet.no ) eller Amund Mundhjeld (tlf. 901 09 159). 

Fjoset: lokale til leige

Klikk for stort bilde Henta frå Visit Jotunheimen  Sentrumsnære lokal som tidlegare vart brukt av Hårloftet står no ledige. Lokala ligg sentralt i sentrum med Fjoset, Fossberg, Coop-bygget, kommunen og Sparebank1 Lom og Skjåk som nære naboar. Lokale har ein storleik på ca. 84 m2 (63 + 21) delt i to med vaskerom og WC, varmepumpe og AC. 
Moglegheit for meir lager ved behov. 
Arealet blir no bygd om til kontor, ta kontakt dersom du er interessert i utleige. 

Kontaktpersonfjoset@fjellnett.no 
 

Tidlegare AK-maskin til leige


Klikk for stort bildeLokale til leige2 Liten næringseigedom til leige, lokalisert i eit sentralt og godt etablert næringsområde i Lom. 

Eigedommen er tidligare nytta av AK-Maskiner, og består av eit lite kombinasjonsbygg (verkstad, kontor og butikk) på ca 146 kvm.
Tomta ligg på ca. 966 kvm. 

Kontaktperson:
Ola Steinbakke, tlf. 908 70 255, e-post: olastein@fjellnett.no

Har DU ledige lokale i Lom til salg / leige, eller er du på utkikk?


Da vil vi gjerne høyre frå deg! Ta gjerne kontakt med kommunen dersom du: 
1. Har ledig næringslokale eller næringstomt til leige / sal 
2. Ynskjer hjelp til å finne riktig lokale for deg og din bedrift

Kontaktinformasjon finn du på høgre sida (lenger opp) eller ved å trykke her. 

Kontakt

Åshild Myhre Amundsen
Næringssjef og landsbykoordinator
Telefon 975 22 977