Næringstomter

Her finn du oversikt over ledig næringsareal i Lom kommune. 
Vi har to tilgjengelege tomter i sentrum, tre tomter i industriområdet og eit stort areal utanfor sentrum (i retning Garmo).  
Sistnemnte vil kreve tilrettelegging før bruk. Sjå meir detaljert informasjon lenger ned. 

Gjennom fleire tiår har kommunen satsa på å utvikle eit sentrum med særpreg. Det er difor enkle, men tydelege krav til takvinkel og farge på alle bygg. Det er formannskapet som gjer vedtak om tildeling av tomt.

Interessert? Ta kontakt med næringssjefen for ein uforpliktande prat!

Ledig tomter i sentrum, 39/3/1 og 39/3
 

Klikk for stort bildeLedige tomt sentrumDesse to tomtene brukast som parkeringsareal pr. dags dato.
Regulert til «Forretning og kontor» i reguleringsplan for Ulstad – Øy (1985). 
Utnyttingsgrad 0,6 (60% BYA).  Rafthøgde inntil 7 m for to-etasjes bygg, tre-etasjes bygg kan likevel godkjennast.

Det er naturleg å sjå dei i samanheng, men det er også mogleg å vurdere dei kvar for seg. Totalt areal er på 2,7 daa. 

 













Ledig næringsareal i industriområde (Gjeisarøye / Skjæsarøye)

Klikk for stort bilde 

I industriområdet i Lom er det ledig areal (sjå kart).

Eit lite areal er tilgjengeleg i Geisarøye (0,7 daa). 
Her ligg det kablar i grunnen som ein må ta hensyn til. 
På denne tomta vil det bli framfeste, med Lom kommune som festar og Hans Gjeisar som heimelshavar. 

Vidare er det ei tomt på 6,1 daa og 2,9 daa i Skjærsaøye. 
På den øverste tomta går det ei høgspentmast på deler av tomta.
Den delen av eigendommen har derfor visse bruksbegrensninger, som kan medføre redusert pris. 
På desse tomtene er Lom kommune heimelshavar, og det vil derfor bli snakk om ei festekontrakt. 

Det er mogleg å dele opp tomter etter behov og interesse, dette vil kreve ei oppmålingsforretning.

Alle tomtene er byggeklare med opparbeidd vei, vatn og avlaup.
I Lom kommune er det byggeplikt på næringstomter. (innan tre år) Eventuell dispensasjon må skje ved tildeling av tomta. 





 

Garmo


Klikk for stort bildeLedig næringsareal - GarmoDet finst òg eit stort område på 100 daa i Garmo som kan nyttast til næring, men området vil kreve tilrettelegging før bruk.

Området ligg inntil Rv15, rett før du køyrer nedover mot Fossbergom. 

Kontakt

Åshild Myhre Amundsen
Næringssjef og landsbykoordinator
Telefon 975 22 977