Salsløyve

Kommunen kan gje løyve til sal av alkohol gruppe 1 (øl) innafor fylgjande salstider:

Kvardagar kl. 08.00 - 20.00
Dagar før søn- og heilagdagar kl. 08.00 - 18.00

Gå til søknadsskjema for løyve til sal av alkoholhaldig drikk gruppe 1.


 

Kommunen kan og gje utvida løyve for gardssal (alkohol gruppe 2). 

Eit utvida løyve gir moglegheit til å selje eigenprodusert drikk med inntil 22 volumprosent alkohol, såkalla gardssal.

Krav til løyvet:

  • Produktet må ikkje vere omfatta av EØS-avtalen. Sjå liste over produkt som er tillatne: Tollposisjon 22.06 i Tolltariffen
  • Tilverkinga må skje ved salsstaden og minst ein tredel av innsatsvarene må vere eigenproduserte
  • Salet vil utgjere ein del av stadens heilskaplege karakter og salstilbod
  • Maksimalt sal per år kan ikkje overstige 15.000 liter

Gå til søknadsskjema for utvida løyve for gardssal.

Kontakt

Trond Byre-Haakensen
Kommunalsjef samfunnsutvikling, kultur og fellestenester
Mobil 934 29 318