Lom kommune ynskjer hjelp frå designarar, arkitektar og andre innovasjonsmiljø!

Foto: Johan Wildhagen Lom er med i årets Gnist-program, og skal utforske nye bustadmodellar for både fastbuande og besøkande. Nå ligg konkurransegrunnlaget ute og kommunen oppmodar designarar, arkitektar og andre innovasjonsmiljø til å melde seg på! 

Gnist-programmet

Gnist er eit innovasjonsprogram der næringslivet blir invitert til å løyse konkrete utfordringar i kommunar knytt til stads- og næringsutvikling. Lom kommune er ein av 11 kommunar som er plukka ut til å vere med. 

Lom kommune ynskjer å utforske nye bustadmodellar for både fastbuande og besøkande, som bidrar til varierte og gode bumiljø. 

Designarar, arkitektar og andre aktørar med relevant kompetanse oppmodast til å gå saman i tverrfaglege team og sende inn tilbod. DOGA og Nordic Edge plukkar saman med kommunane ut eitt team pr. kommune som mottek 300 000 kroner kvar for å utvikle løysingar på dei utvalde kommunane sine utfordringar. Det skjer i form av ein designprosess tilpassa lokale behov i perioden mai–oktober 2022.

Konkurransegrunnlag

Konkurransegrunnlaga med meir informasjon om kommunane sine utfordringar og sjølve prosessen er nå lagt ut. Desse finn du på www.doga.no/gnist2022

Både små og store aktørar kan sende inn tilbod.
Frist for innsending av tilbod: 11. april 2022.

Informasjonsmøte for potensielle leverandørar

23. mars kl. 10:00-12:00 er det informasjonsmøte for potensielle leverandørar. 
Du finn meir informasjon og lenke til påmelding på www.doga.no/gnist2022