Villreinarven inviterer: Næringsutvikling i fjellbygdene i Gudbrandsdalen

Driv du innan overnatting, aktivitetar og guiding, kunst og kultur, lokalmat eller andre opplevingar? 
Villreinarven inviterer til to timar fylt med mat frå fjellet, inspirasjon og samtalar om korleis Villreinarven og nettverk i dalen vår kan bidra til å løfte fram di bedrift og styrke samarbeid. 

I perioden 23. – 29. november 2022, arrangerer Villreinarven møte i kommunane Skjåk, Vågå og Lom (samla), Lesja og Dovre og Sel (samla). Møtet i Lom vil gå føre seg 23. november kl. 15:00-17:00. 

Du møter mellom anna:

  • Kokk og årets reinsdyrskokkelærling 2020, Brita Stensgård
  • Mountains of Norway – samarbeidet mellom destinasjonsselskapa i fjellområda
  • Utviklingsselskapa Skåppå og Nordveggen.

Det blir god tid til prat og nettverksbygging.

Les fullstendig program (PDF, 298 kB)

Gå til påmelding 

Kvar og når?
Fjelleventyret, Skjåk: Onsdag 23. november, kl. 10.00-12.00
Fjellmuseet, Lom: Onsdag 23. november, kl. 15.00-17.00
Avdemsbue, Lesja: Måndag 28. november, kl. 10.00-12.00
Toftemo turiststasjon, Dovre: Tysdag 29. november, kl. 10.00-12.00

Har du spørsmål?
Kontakt prosjektleiar Laila på laila@nordveggen.no

Arrangør: Villreinarven er et samarbeidsprosjekt mellom Gudbrandsdalsmusea, Nasjonalparkriket, Norsk villreinsenter Nord, Norsk fjellsenter, Villreinfangsten som verdsarv og nasjonalparkforvaltinga.

Prosjektets mål er å jobbe for auka verdiskaping i bygdene og randsonene ved nasjonalparkane våre.

Logo Villreinarven - Klikk for stort bilde