Planar til høyring

På denne sida vil du finne oversikt over planar som er ute på offentleg høyring eller som er under behandling.

Forslag til kommunal planstrategi 2020-2023 for Lom kommune er utlagt til høyring med frist 30. oktober 2020. 

3. gongs offentleg ettersyn av framlegg til kommunedelplan for Fossbergom

Lom formannskap gjorde i møte 19.05.2020, sak 28/2020,vedtak om at framlegg til revidert kommunedelplan for Fossbergom blir lagt ut til 3. gongs offentleg ettersyn. Planområdet omfattar Lom sentrum og nærområda omkring, med same planavgrensing som for gjeldande kommunedelplan. Motsegner ved 2. gongs høyring er teke til følgje, og planforslaget er endra i samsvar med dette. Frist for å komme med uttaler og evt. motsegn til planforslaget blir sett til 10.08.2020.

Kommunestyret i Lom har i sak 19/2018 gjort vedtak om godkjenning av «Detaljreguleringsplan for Brubakken».

I samsvar med plan- og bygningslova sin § 12-8 blir det med dette varsla oppstart av Detaljreguleringsplan for Brubakken, i Lom kommune. Oppdragsgjevar for planarbeidet er Lom kommune.

Planområdet omfattar kommunal veg Brubakken og bustad- og skuleareala nordover, avgrensa av Fv. 467 Solsidevegen og Rv. 15, totalt areal er 61,3 daa. Eigedommane Gnr./Bnr./Fnr. 70/19, 70/19/9, 70/1/7, 70/1, 70/110, 70/136, 70/312, 70/137, 70/183, 70/122, 70/1 196, 70/1/76, 70/182, samt vegareal på Fv. 467 Solsidevegen Gnr./Bnr. 161/12 og Rv. 15 Gnr./Bnr. 162/22 og 70/74.

Lom vilt- og innlandsfiskenemnd set fram forslag om reduksjon av minstearealet for hjort frå 3.000 til 2.000 dekar.

Skulle du hatt tilvisingsskilt? Etter å ha vorte kontakta av fleire innbyggjarar har Lom kommune sett i gang eit prosjekt for å få opp tilvisingsskilt.

Formannskapet har i møte 07.06.17 vedteke å leggje ut Trafikksikringsplanen for Lom kommune til offentleg ettersyn. Trafikksikringsplanen skal vere ein reiskap for å planleggje, samordne og gjennomføre arbeidet med trafikksikring i Lom, og innehalde prioriterte førebyggande og fysiske tiltak med lokal og tverrsektoriell oppslutning. 

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ved brev datert 07.03.2017 bede Lom kommune om å gjennomføre lokal høyring av plan for skredsikring i Ulstad.

Det er lagt ved tiltaksplan 11160 Plan for skredsikring Ulstad i Lom kommune, høyringsutgave datert 20.01.2017.  

Kontakt

Sander Sælthun
Plan- og miljøvernrådgjevar
Mobil 474 63 218
Øyvind Pedersen
Planleggjar
Mobil 473 33 678
Stig Roar Mandal
Ingeniør
Mobil 454 03 444

Kontor på Midtgard, Sognefjellsvegen 6.