Sjølvkost og gebyrregulativ

Sjølvkost

Lom kommune fastset kvart år gebyr for kommunale tenester. For fleire av desse tenestene skal gebyra berre dekkje kommunens kostnadar ved å produsere tenesta.

Sjølvkost inneber at kommunen skal få dekka alle utlegga sine ved å produsere ei bestemt teneste. Samstundes har kommunen ikkje lov til å tene pengar på tenesta. Grunnlaget for gebyra er alle kostnadane ved tenesteproduksjonen, minus andre inntekter enn gebyrinntekter. Reglane for korleis kommunen skal rekne ut sjølvkost for ei gitt teneste står i sjølvkostforskrifta.

Kravet om at kommunen ikkje skal tene pengar på ei sjølvkostteneste betyr ikkje at det er ulovleg å ha overskot i enkeltår. Det er vanskeleg å spå framtida og i alle verksemder er det vanskeleg å treffe nøyaktig med budsjetta. Derfor vil dei budsjetterte gebyrinntektene for ei sjølvkostteneste vanlegvis ikkje vere heilt like dei faktiske kostnadane i rekneskapsåret, og da får sjølvkostkalkylen eit over- eller underskot. Sjølvkostforskrifta har reglar om korleis årsresultatet skal handterast, slik at kommunen ikkje tener pengar over tid: Overskot skal settast av på sjølvkostfondet for tenesta, medan underskot dekkast inn ved å ta pengar frå det same fondet. Vi oppfordrar interesserte innbyggjarar til å sette seg inn i kalkylane, som er publisert i kommunens årsrapport for kvart år.

I budsjettet kvart år set kommunen gebyra slik at dei dekkjer dei forventa kostnadane i åra framover, samstundes som sjølvkostfondet brukast i tråd med reglane i sjølvkostforskrifta.

Sjølvkosttenestene vassforsyning, avlaupshandtering, renovasjon, feiing og slamtømming er meirverdiavgiftspliktige tenester. 25 % av gebyret kommunen krev inn går dermed vidare til staten.

Gebyrregulativa finn du ovafor.