Slamtøming

Målgruppe for tenesta

Husstandar, hytter, bedrifter og institusjonar med enkeltanlegg.

Slik får du tenesta

Abonnent blir oppretta i samband med søknad om utsleppsløyve. Kontakt teknisk avdeling for nærare informasjon.

Lovgrunnlag

Forskrift om begrensing av forureining (av 01.06.2004).

Rett til å klage

Uregelmessige forhald kan varslast til teknisk kontor. Utanom normalarbeidstida, ta kontakt med teknisk vakt.

Dette kan du vente av oss

  • Tenesta blir på vegne av kommunen utført av privat septikrenovatør.
  • Det blir utført tøming av slamavskiljar kart 2. år og tette tankar kvart år for bustadar og fritidshus.
  • Ekstra tøming kan bestillast ut frå behov.
  • Tøming av anlegg for bedrifter blir utført etter bestilling.

Saksbehandlingstid

Normal saksbehandlingstid for søknad om utsleppsløyve, innan 3 veker frå motteke søknad.

Dette ventar vi av deg

God tilgjenge til avlaupsanlegget for slamtøming, med køyresterkt underlag for tung bil.

Kontakt

Teknisk Vakt
Feilmelding vatn og avlaup, Brøyting/strøing av veg
Mobil 971 53 580