Kontrollutvalet kan ta opp eit kvart forhold ved den kommunale verksemda, så lenge det kan definerast som kontroll og tilsyn. I tillegg kjem enkelte konkrete lovfesta oppgåver. Kontrollutvalet skal mellom anna sjå til at kommunen har ei forsvarleg revisjonsordning, og gjennomføre og følgje opp forvaltningsrevisjonar og selskapskontrollar.
Sekretariatet
Kontrollutvalet skal ha eiga sekretariat, som til ei kvar tid skal yte kontrollutvalet den bistand som utvalet finn naudsynt for å kunne ivareta oppgåvene sine. Kontrollutvala i kommunane Lesja, Dovre, Sel, Vågå, Lom og Skjåk har felles sekretariat.
Revisor
Revisjonstenestene utførast av Nord-Gudbrandsdal kommunerevisjon IKS.
Har du tips eller noko som du vil at kontrollutvalet skal sjå nærare på, ta kontakt med leiar eller nestleiar eller send ein e-post til sekretariatet.
Lenker