Vedtekter

Gjeldande frå: 01.01.2020

1. Målsetting

«Barnehagen skal i samarbeid og forståelse med hjemmet ivareta barnas behov for omsorg og lek, og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Barnehagen skal bygge på grunnleggende verdier i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, på åndsfrihet, nestekjærlighet, tilgivelse, likeverd og solidaritet, verdier som kommer til uttrykk i ulike religioner og livssyn og som er forankret i menneskerettighetene.

Barna skal få utfolde skaperglede, undring og utforskertrang. De skal lære å ta vare på seg selv, hverandre og naturen. Barna skal utvikle grunnleggende kunnskaper og ferdigheter. De skal ha rett til medvirkning tilpasset alder og forutsetninger.

Barnehagen skal møte barna med tillit og respekt, og anerkjenne barndommens egenverdi. Den skal bidra til trivsel og glede i lek og læring, og være et utfordrende og trygt sted for fellesskap og vennskap. Barnehagen skal fremme demokrati og likestilling og motarbeide alle former for diskriminering». (Barnehagelova § 1.)

2. Eigarforhold, ansvar, styringsverk

Kommunen er eigar av barnehagane, og har ansvar for at dei blir drivne i samsvar med Lov om barnehagar og dei føresegner, forskrifter og vedtak som til kvar tid er gjeldande.

Kommunen har ansvar for planlegging, drift og tilsyn av barnehagane.

Barnehagane i Lom har samarbeidsutval slik det står i barnehagelova. Dette består av foreldre/føresette og tilsette i barnehagane, slik at kvar gruppe er likt representert. Kommunen som eigar vel ein kommunal representant med vara til samarbeidsutvalet (representasjonen følgjer kommunevalsperioden). Samarbeidsutvalet skal vere eit rådgjevande, kontaktskapande og samordnande organ.

Kvar barnehage har Foreldreråd som består av alle foreldre/føresette i barnehagen. Dette skal fremme fellesinteressene til foreldra, og bidra til at samarbeidet mellom barnehagen og foreldregruppa skapar eit godt barnehagemiljø.

Barnehageeigar skal sørgje for at viktige saker blir lagt fram for samarbeidsutvalet og foreldrerådet.

3. Opningstider

3.1  Barnehageåret startar likt med skuleåret.

3.2  Alle barn skal ha 3 veker samanhengande ferie i skulen sin ferie.

3.3  Barnehagane er stengde julekvelden, nyttårskvelden, romjula, påskeveka og vekene 29, 30 og 31.

3.4  Barnehagetilbodet er 3 dagar, 4 dagar eller 5 dagar.

3.5  Barnehagane opnar kl.07.00 og stenger kl. 16.30. Innmeldte behov for utvida opningstid skal etter hovudopptak vurderast, og eventuelt takast opp som budsjettjusteringssak.

3.6  Føresette har høve til å kjøpe einskilddagar i tilegg dersom det er ledig plass på avdelinga.

3.7  Barnehagane er stengde 6 planleggingsdagar i året.

4. Betaling

Kommunestyret fastset betalingssatsane i samband med budsjetthandsaminga kvart år. Foreldre skal likevel ikkje betale meir enn makssatsen, fastsett i statsbudsjettet.

Foreldrebetalinga blir innkravd kvar månad i samsvar med den tid barnet etter opptaket skal vere i barnehagen. Ved lengre sjukefråvær kan kommunen ettergje betalinga for den tida barnet ikkje var i barnehagen. Barnehageprisane skal stå på søknadsskjemaet og på kommunen sine heimesider.

Føresette betaler for 11 månader, 5 månader om hausten og 6 månader om våren. Det året barnet startar i barnehagen betaler føresette for halv månad i august.

Foreldre/føresette som tek ut ungane ein månad ekstra  i tilknyting til sommarferien, får betalingsfri den ekstra månaden.

Betaling for mjølk, frukt og ev annan mat kjem på rekning saman med opphald.

Moderasjonsordningar: 
(jf forskrift om foreldrebetaling i barnehagar)

  1. Foreldre med meir enn eitt barn i barnehagen, får reduksjon i foreldrebetalinga. Reduksjonen for det andre barnet er 30%, og for det tredje barnet og oppover er det 50%.
     
  2. Ingen foreldre skal betale meir enn 6% av inntekta for ein barnehageplass. Dersom foreldrebetalinga utgjer meir enn 6%, kan foreldre søkje om redusert foreldrebetaling. Sjølvmelding skal leggast ved søknaden. Søknad gjeld for eitt år om gongen.
     
  3. Alle 2-, 3- 4- og 5-åringar, og barn med utsett skulestart, som bur i hushaldningar med låg inntekt, har rett til å få 20 timar gratis kjernetid. Inntektsgrensa blir fastsett i årleg statsbudsjett. Ordninga gjeld uavhengig av deltids- eller heiltidsplass. Ved søknad om gratis kjernetid skal sjølvmelding leggast ved søknaden som gjeld for eitt år om gongen.

Om foreldre/føresette ynskjer redusert foreldrebetaling/friplass av andre grunnar enn det som er nemnt over, kan dei ta kontakt med NAV.

5. Opptak

Det skal søkjast om opptak på elektronisk skjema: Søk barnehageplass

Hovudopptak gjeld oppstart nytt barnehageår, og plassar blir lyst ut i januar med søknadsfrist 15.februar. Hovudopptak skal vere ferdig med melding om plass før 1.mai. Rett til barnehageplass er lovfesta.  Det vil seie at barn har rett på plass i barnehage i kommunen dei bur i ved hovudopptaket.

Barn som fyller eitt år innan utgangen av august det året det blir søkt om barnehageplass, har etter søknad rett til plass frå august.

Barn som fyller eitt år i september, oktober eller november det året det blir søkt om barnehageplass, har etter søknad rett til å få plass innan utgangen av månaden barnet fyller eitt år.

Utanom hovudopptaket er det mogleg å søkje om plass gjennom heile barnehageåret. Barnehagane tek i mot barn dersom det er ledige plassar og tilstrekkeleg bemanning.

Oppseiingstida er ein månad. Det blir kravd betaling for endring og oppseiing av barnehageplass rekna i heile månader.

Eit barn som har plass i barnehagen, har plassen ut juli det året det skal starte på skulen dersom føresette ynskjer det.

Prioritering ved opptak:

  1. Barn med spesielle behov, jf barnehagelova § 13
  2. Minoritetsspråklege barn
  3. Barn som bur i Bøverdalen får plass i Loar.
  4. Søsken får plass i same barnehage
  5. Alder

6. Areal

Ved fastsetjing av arealutnytting i barnehagane byggjer ein på dei rettleiande normene som departementet har gjeve for leike- og opphaldsareala (jfr Rundskriv Q- 0902 §12). Rettleiande norm for innearealet er 4m2 netto pr barn over tre år, og om lag 1/3 m eir pr barn under tre år.

Kontakt

Ragnhild Vestad
Styrar Garmo barnehage
Mobil 404 48 551
Magnhild Beate Galde
Styrar Loar barnehage
Mobil 469 21 394