Prøvesitt kontorplass i Lom

Lom kommune ynskjer å legge til sette for at bedrifter, studentar og folk med stadsuavhengig arbeidsplass kan “prøvesitte” gratis i eit kontorfellesskap i Lom i ein periode. 

Kommunen kan gje eit tilskot på inntil kr. 10 000,- per søkjar, avgrensa til maks kr. 2500,- per månad og maks fire månadar. 

Bedrifter som allereie sit i eit kontorfellesskap i Lom i dag kan ikkje få tilskot til å teste ut andre plasseringar. 

Ynskjer du å prøvesitte? Send inn søknadsskjemaet under. Ta kontakt om det er noko du lurar på.