Bygdabok for Lom er eit verk utgjeve av Lom kommune.
Verket i fire bind inneheld "gards- og ættesoge", men er eigentleg historia om alle einskildbustadene i bygda og folket som har budd der frå gamal tid og til i dag.
Ein finn altså ikkje berre stoff om gardane, men òg om alle husmannsplassar ein kan etterspore i kjeldematerialet. Ein finn òg informasjon om alle nyare bustadhus. I tillegg er det teke med anna stoff knytt til grender, gardar og menneske.
Oversikt over dei fire binda
- Bind 1 - Vårdalen til og med Graffer
- Bind 2 - Lii, Staurustgrendi og Strondi til og med Gjeisar
- Bind 3 - Bygdasenteret Fossbergom, Nesgrendi og Nedre Bøverdalen
- Bind 4 - Bøverdalen sokn
Pris
- Normalpris kr. 500 pr bok.
- Tilbodspris kr. 350 pr bok eller kr. 1.000 for fire valfrie bøker.
- Fraktutgifter kjem i tillegg
Sist endret 05.12.2025 15.34