TekniskInnhald Kommunal eigedom VAR - vatn, avlaup og renovasjon Oss i Lom - sjå filmsnutt frå Lom reinseanleggKommunal eigedom2022 har vore eit år med høg aktivitet for kommunal eigedom.Særleg viktig har deltakinga på eit innovasjonsprogram i regi av regionkontoret vore. I programmet har vi staka ut ein kurs på korleis eigedomsforvaltinga bør utviklast i åra framover. Ein kurs kor vi går frå "brannslukkingsarbeid" til å ha full kontroll, og i større grad kan bidra i å nå måla i ny samfunnsplan; at Lom kommune skal vere ein berekraftig og attraktiv stad å bu heile livet. Andre eksemplar på kva som har skjedd utover ordinær drift av bygg og uteområda: All belysning på Loar barnehage er bytt til LED-lys På biblioteket vart det lagt nytt golv og måla veggar Stort bidrag i oppgåva med busetting av flyktningar Ein utleigebustad vart renovert Saman med vatn- og avlaupsavdelinga har vi fått bygd ein ny lagerhall Overteke nytt eldhus i Presthaugen Etablert fiberbreiband i kommunale utleigebustadar Etablering av nye lokalar for kommunal eigedom Montert snøfangarar på losjihuset på gamle Loar I samarbeid med skulane har vi fornya skulekjøkenet på Lom ungdomsskule Forprosjekt Lom helseheim mot 2050 er godt i gang Brannteknisk tilstandsvurdering på Drengjestugu Fått etablert ei samla oversikt over tilstand på dei fleste kommunale føremålsbygg Vi har teke i bruk teknologiske løysingar med mål om å forenkle drifta. Samtidig betrar vi brukaropplevinga på bygg og i uteområdane rundt om i Fossbergom: Suksessfull pilotering av eit automatisk vatningsanlegg på grasflekken utanfor Gamle loar Lånt ein smart søppeldunk for utprøving. Søppeldunken komprimerer søppelet og gjer plass til 3-4 gongar så mykje som ein ordinær dunk. Den drivast av eit solcellepanel og varslar på ein app når den må tømast. Bruk av drone for å følgje med på tilstand på tak, takrenner og andre område som ikkje er så lett tilgjengeleg Robotstøvsugar i biblioteklokaleVAR - vatn, avlaup og renovasjon Vassvaglen vart renovert Fundamentering og reisverk til ny lagerhall vart ferdig Miljøstasjon fekk nytt lagerbygg Det vart sett opp gateljos gjennom Frisvoldskogen – frå byggefeltet til barnehagen Det vart kjøpt inn ein ny bil Det vart lagt ny asfalt på delar av strekninga på den kommunale delen av Galdhøpiggvegen. Arbeidet held fram i 2023. Oss i Lom Publisert 19.04.2023 09.06