Viktig melding

Viktig informasjon om fakturering av kommunale avgifter

Fakturering for kommunale avgifter for termin 6 har blitt feilaktig fakturert med forfallsdato 20.06.25. 

Rett forfallsdato er 20.07.25. 

For dei som har autogiro, kan du gå inn i eigen nettbank og endre betalingsdato til 20.07.25. Vi beklagar dette.

Omsorgsbustad

Ein omsorgsbustad er ein tilrettelagt bustad, slik at bebuarane kan meistre kvardagen sin på ein tilfredsstillande måte. Omsorgsbustadane er tilrettelagt for orienterings- og forflytningshemma.

Omsorgsbustader er ikkje i seg sjølv ein omsorgsteneste, og reknast som ein ordinær utleigebustad. Bebuarar i omsorgsbustadar kan få tildelt kommunale omsorgstenester på individuell basis, slik andre heimebuanse får. 

For å søke omsorgsbustad må du sende inn ein skriftleg søknad. (PDF, 115 kB) Søknaden må sendast inn til tildelingskontoret Lom og Skjåk.

Set deg inn i Retningslinje for tildeling av omsorgsbustad i Lom kommune (PDF, 195 kB) før du sender inn søknaden.

Kontakt

Tildelingskontoret Lom og Skjåk
Mobil 948 48 724