For ungdom i Lom

Klubben i Lom er ein møteplass for ungdom frå 8.klasse og ut vidaregåande skule. Lokalet er i 2. etasje i Drengjestugu (same bygg som friviljugsentralen).

Klubben er eit gratis lågterskeltilbod med fokus på å tilby ungdomane aktivitetar med trygge rammer og tilgjengelege vaksenpersoner. Alle arrangement er rusfrie.

Klubben har fokus på å gje ungdommen tillitt til å oppføre seg bra mot kvarandre, og ta vare på inventar og utstyr i lokalet på ein god måte. Sjå verdiar og reglement for klubben her. (DOCX, 16 kB)

Kva kan du gjere på klubb?

  • Henge med vener, det er gratis WIFI i bygget
  • Spele på konsoller og VR
  • Spele bordtennis og biljard
  • Spele på gamingrom, 4 stk pc-ar
  • Høyre på høg musikk, 4 stk JBL partyboxar i lokalet
  • 75-tommers tv til ps5, film og fotballkampar
  • Utlån av sendeplater til diskgolf, fotball, basketball og volleyball

Klubbråd - for ungdom

Klubbrådet møtest jamleg, og er ein stad der ungdomane kan vere med å påverke korleis klubben skal utvikle seg, stemme over innkjøp av utstyr, forslag til aktivitetar og tilbod til ungdom.

Artikkelliste

Kontakt

Oscar Amundrød
Ungdomskonsulent
Mobil 980 39 180

Snap: lom_uk

Insta: @klubben_i_lom

Opningstider

Alle arrangement følgjer skuleruta.

Sjå vekeplan på insta og snap.
 

Opningstid etter skuletid:

Tysdag:
Etterskule-tilbod til kl. 16:30

Torsdag:
Klubbkveld! kl. 18:00-21:00

Følg ungdomskonsulenten på Snap og Insta for informasjon om kva som skjer:

QR-kode Klubben i Lom på Instagram. - Klikk for stort bilde