Skjeltreko Sjeltreko symboliserer den gamle vasskulturen vår og også alt slitet som måtte til for å halde liv i bygda. Sidan Lom kommune har dette som symbol i kommunevåpenet, har sjeltreko pryda den kommunale symbolbruken i ulike former.Alt på 1600-talet var sjeltreko brukt som symbol på bygdefana som vart opphengt i Lomskyrkja og som heng der den dag i dag over midtskipet.Det var ein stor teknologisk vinning da vass-spreiarane kom, og Nyrnesspreiaren vil i ettertid stå som eit bilete på høg teknisk standard. Skjeltreko skal vere forankra i høgre/venstre kant og i nedre kant. I øvre kant skal ikkje kulene på toppen av illustrasjonen vere med i trykken. Det skal alltid være utfallande trykk. Sjeltreko skal attgjevast i PMS 4975 i låg rasterverdi. Illustrasjonen skal ha ein vag attgjeving (5-10%) og må ikkje dominere. Skjeltreko som vassmerke skal fyrst og fremst bli brukt på meir offisielle dokument men kan også brukast i andre trykksaker. Sjektreko som vassmerke skal berre kombinerast med bruken av kommunevåpen/ kommunelogo - ikkje saman med perler eller Kom til Lom!Last ned skjeltreko: Skjeltreko 50 cm PMS 4975 - PNG (PNG, 705 kB)Skjeltreko 25 cm PMS 4975 - JPG (JPG, 2 MB) Publisert 05.08.2022 11.59 Sist endret 25.06.2024 10.14