MeistringsteknologiMeistringsteknologi er teknologi som er utvikla for å støtte, betre eller oppretthalde livskvaliteten til menneske, spesielt dei som har behov for ekstra hjelp i kvardagen. Målet med meistringsteknologi er å gi auka sjølvstende, tryggleik og trivsel, samtidig som det kan avlaste helse- og omsorgstenestene. Kva er meistringsteknologi?Teknologi er ein naturleg del av folk sin kvardag. Vi brukar kalenderfunksjon på mobilen for å organisere dagane, investerer i klokker for å måle puls og søvn, har robotstøvsugarar og anna teknologi i huset som kan styre lys, varme og mykje meir.Ordet meistringsteknologi blir brukt om tekniske løysingar som kan vere med på å auke ein person sine evner til å meistre sin eigen kvardag, og bidra til auka tryggleik og livskvalitet. Teknisk utstyr kan varsle om mellom anna fall, brann, vasslekkasje, og om nokon går ut om natta. I tillegg kan ein nytte teknologien til å halde kontakt med vener og familie.Bruk av meistringsteknologi inneber ei auka satsing på brukarane sine eigne ressursar.Målet er å skape ein tryggare, enklare og meir sjølvstendig kvardag. Meistringsteknologi er spesielt formålstenleg for personar med kroniske sjukdommar eller funksjonsnedsetting av ulike former.Kva kan du gjere sjølv? - Her er spørsmål du kan stille deg.Ofte vil det vere slik at ein oppnår størst utbytte av meistringsteknologisk utstyr når ein tek det i bruk tidleg. Å tilpasse ein bustad er å gjere den egna til å bu i med tanke på framtidige helseutfordringar.Er det her eg skal fortsette å bu?Har eg alt eg treng på ei flate?Er bustaden min tilrettelagt for framtida?Har eg gangavstand til viktige funksjonar, som nærbutikk, helsetenester og busstopp?Er det elektriske anlegget i god stand, med tanke på branntryggleik?Har eg god internett- og telefondekning? (Dette gjer det mogleg å ta i bruk hjelpemiddel som sender varsel ut frå bustaden).Kan eg kome meg ut og vere sosial når eg ønskjer det? Du må avgjere korleis du vil bu – før andre avgjer for deg!Kva kan kommunen hjelpe deg med?Kommunen gjer ei individuell kartlegging for å finne dei rette tiltaka for deg. Kartlegginga skjer i samarbeid med deg og eventuelt dine pårørande. Meistringsteknologiske tenester blir førstevalet der dette gir tilstrekkeleg hjelp, og fører til minst mogleg endringar.Ulike typar teknologiar og hjelpemiddelTryggleiksskapande teknologiar:Gjer at menneske kan føle seg trygge og kan bu heime lenger. Her finn du løysingar som kan motverke einsemd og gi høve til sosial deltaking.Til dømes: tryggleiksalarm, GPS for rørslefridom, dørsensor, komfyralarm, videokommunikasjon og meir.Meistringsteknologiar: Gjer det mogleg å betre meistre eiga helse. Her finn du teknologiske løysingar til personar med kronisk sjukdom og personar som treng opptrening, rehabilitering og vedlikehald av bevegelse (mobilitet). Til dømes: medisindosett med varsling, nettbrett med ulike funksjonar med meir. Helseteknologiar:Gjer det mogleg med avansert medisinsk utgreiing og behandling i heimen.Til dømes: avstandsoppfølging av kroniske sjukdommar.Velværeteknologiar:Bidrar til å støtte opp om daglegdagse gjeremål og til at personen får brukt ressursane sine.Til dømes: undervisnings- og treningsprogram, smartklokke, robotstøvsugar, omgivnadkontroll for styring av lys og varme, smarthusløysingar, tv-speltrening med meir.KontaktinformasjonYnskjer du å vite om meistringsteknologi kan vere noko for deg? Ta kontakt med Tildelingskontoret Lom og Skjåk. Publisert 20.11.2024 09.49 Sist endret 01.07.2025 10.50