DemenskoordinatorSom ein del av omstillingsprosessen i pleie- og omsorgssektoren i Lom kommune, vart det frå 9. januar 2017 oppretta ei 25 % stilling som demenskoordinator, i tråd med Demensplan for Lom kommune 2016–2020.Kven er demenskoordinator?Det er spesialsjukepleiar Asta Runhild Turtum som har denne rolla. Ho samarbeider tett med:HeimesjukepleiaErgoterapeutFastleganeAndre relevante fagpersonar og tenester i kommunenSpesialisthelsetenestaDemenskoordinator er organisatorisk plassert under heimesjukepleia.Kva gjer demenskoordinatoren?Demenskoordinator har ansvar for å:Koordinere utgreiing og kartlegging av personar med symptom på demensFølge opp personar med demensdiagnose, i samarbeid med aktuelle faggrupperVurdere og følgje opp heimesituasjonen til brukarar med demensGi rettleiing, støtte og informasjon til pårørandeSikre at brukarar blir vist vidare til lege for tidleg diagnoseSørgje for at brukarane får tilbod om relevant velferdsteknologi så tidleg som moglegKartlegging og utgreiing skjer med standardiserte kartleggingsverkty frå Nasjonalt kompetansesenter for aldring og helse, og det er utarbeidd eigen prosedyre for demensutgreiing i Lom kommune.Slik tek du kontaktDemenskoordinator er tilgjengeleg kvar måndag.Legar kan sende elektronisk melding.Pårørande, heimesjukepleia eller andre som har mistanke om demens hos ein brukar, kan ta direkte kontakt.Vi oppmodar alle som er uroa for eigen eller andre si helse til å ta kontakt – tidleg hjelp er viktig for å sikre eit godt og trygt tilbod. Sist endret 30.04.2025 14.25