Kreftkontakt

Har du, eller nokon du er glad i, fått ei kreftdiagnose? Då finst det god hjelp og støtte å få i Lom kommune. Våre kreftkontaktar er her for å lytte, støtte og hjelpe deg gjennom det som kan vere ei krevjande tid.

Kreftkontakt i Lom kommune – vi er her for deg

Kven er vi?

  • Anne Cathrine Aas Sandvoll
    Sjukepleiar med vidareutdanning innan palliasjon (lindrande behandling).
  • Malin Sætre
    Utdanna kreftsjukepleiar.

Kva kan vi hjelpe deg med?

Som kreftkontaktar kan vi vere ein trygg samtalepartnar og bidra med:

  • Støtte og rettleiing for å meistre sjukdommen i kvardagen
  • Oppfølging før, under og etter behandling
  • Støtte til deg som er pårørande
  • Hjelp til å lindre symptom, i samarbeid med fastlege og anna helsepersonell
  • Hjelp til kontakt med sjukehus og spesialistar om det trengst

Ta gjerne kontakt

Du er hjarteleg velkomen til å ta direkte kontakt med oss. Du kan også be legen din, sjukehuset eller andre helsearbeidarar hjelpe deg med å formidle kontakt.

Vi er her for deg — uansett kor du er i sjukdomsforløpet.

Kontaktinformasjon

Kreftkontaktene er tilgjengeleg kvar onsdag.
Telefonnummer: 901 06 933

Anne Cathrine Aas Sandvoll
E-post: Anne.Sandvoll@lom.kommune.no

Malin Sætre 
E-post: Malin.Saetre@lom.kommune.no 

Kontakt

Malin Sætre
Sjukepleiar/kreftsjukepleiar
Mobil 453 13 211
Kreftkontakt
Mobil 901 06 933

Kreftkontakta er tilgjengeleg kvar onsdag. 

Anne Cathrine Aas Sandvoll
E-post: Anne.Sandvoll@lom.kommune.no

Malin Sætre 
E-post: Malin.Saetre@lom.kommune.no 

Anne Cathrine Aas Sandvoll
Sjukepleiar/kreftsjukepleiar
Mobil 901 06 933