Viktig melding

Viktig informasjon om fakturering av kommunale avgifter

Fakturering for kommunale avgifter for termin 6 har blitt feilaktig fakturert med forfallsdato 20.06.25. 

Rett forfallsdato er 20.07.25. 

For dei som har autogiro, kan du gå inn i eigen nettbank og endre betalingsdato til 20.07.25. Vi beklagar dette.

Kulturpris og kulturstipend

Lom kommune deler årleg ut kulturpris og kulturstipend.

2025

Frist for å nominere kandidater for kulturpris og kulturstipend 2025 er sundag 19. oktober, behandlinga går føre seg i Levekårsutvalet.

Utdeling av pris og stipend vil i år vere under arrangementet Vinterkveld under Lomsklangen fredag 23. januar 2026.  


Kulturpris

Kulturprisen blir gjeven for aktivt, friviljug og uløna kulturarbeid over lengre tid, eller for særleg fortenestefulle einskildtiltak som kjem kulturlivet i Lom kommune til gode. Har du eit godt forslag til kven som bør få kulturprisen 2025? Send inn ditt forslag via skjemaet nedst i saka. 

Kulturstipend

Kulturstipendet blir gjeve for å hjelpe fram ungdom med særskilde evner eller interesser på område innafor det utvida kulturomgrepet. Har du eit godt forslag til kven som bør få kulturprisen 2025? Send inn ditt forslag via skjemaet nedst i saka. 

Kulturstipendet kan du og søkje på. Da sender du inn ein søknad til post@lom.kommune.no eller til Lom kommune, Sognefjellsvegen 6, 2686 Lom, innan 19. oktober 2025. Merk e-posten med Søknad til kulturstipend. 

Utdeling 

Frå no vil kulturpris og kulturstipend bli utdelt på eit fast arrangement i året. For 2025 vil pris og stipend bli utdelt under Vinterkveld under Lomseggen, fredag 23. januar 2026.


Nedanfor kan du sjå tidlegare vinnarar:


Skjema for nominering: