Skiltvedtektene for Lom kommune er ein del av Kommunedelplan for Fossbergom, punkt 2.7.4., og har rettsverknad etter plan- og bygningslova §11-6 og §11-9 punkt 5.
I Lom kommune er dette søknadspliktig:
- Alle reklameinnretningar som er større enn 0,75 m²
- Flaggstenger og permanente bannerar
- Tilvisingsskilt
Gå til skiltvedtektene for Lom kommune. (PDF, 702 kB)
Søknadsskjema
Skilt over 0,75 m² må ha godkjenning frå kommunen, noko som krev byggeløyve med nabovarsling.
Skjema som kan nyttast i prosessen finn du på Direktoratet for byggkvalitet si nettside.
Sjå etter følgande skjema:
- Skjema 5153 (dette ligg under Tiltak uten ansvarsrett)
- Skjema 5154, 5155, og 5156 (desse ligg under Nabovarsel for mindre byggeprosjekter garasje, tilbygg, bod og bruksendring)
Ta kontakt med byggesaksbehandlar dersom du har spørsmål.
Sist endret 06.08.2025 11.20