BustøtteBustøtte er ei behovsprøvd statleg stønadsordning for dei som har låg inntekt og høge bukostnader. Husbanken og kommunen samarbeider om bustøtteordninga. Husbanken fattar vedtak, men det er kommunen som behandlar søknaden og har all kontakt med deg som søkjar. Kan du ha rett til bustøtte? Har du høge buutgifter, men låg inntekt? Da kan du ha rett til bustøtte!Kor er bustøttekontoret i kommunen?Lom kommune, økonomikontoret, Sognefjellsvegen 6, 2686 Lom. Sjekk om du kan få bustøttePå Husbanken sine nettsider kan du sjå kven som kan få bustøtte, kva slag krav som gjeld for bustaden og kva for inntektsgrenser som gjeld. Du kan og prøve bustøttekalkulatoren.Lenke til husbanken sine nettsiderSøk bustøtteSøknadsfristen for bustøtte er den 25. kvar månad. Utbetaling skjer ca. den 20. i påfølgjande månad. Dersom du får godkjent bustøtte, blir søknaden din overført til neste månad. Får du avslag fordi du har høg inntekt ein månad, blir søknaden din automatisk overført til neste månad.Slik søker du bustøtteMeld frå om endringarDu har plikt til å melde frå dersom det er endringar i nokon av opplysningane du har gitt i søknaden. Sjekk alltid at det er brukt riktige opplysningar i vedtaket du får. Har du endringar, melder du desse inn ved å logge deg inn i Min bostøtte på husbanken si heimeside.Klage på vedtak om bustøtteDersom du meiner noko er feil i vedtaket, kan du klage innan 3 veker etter du fekk vedtaket.Her kan du klagaRegelverkLov om bustøtteForskrift om bustøtteMeir informasjonDu finn meir informasjon om bustøtte på husbanken.no. Du kan og ta kontakt med kommunen for å få hjelp og rettleiing. Sist endret 17.06.2025 14.34