Harastølen. Heimen for dei utstøytte.

Dato
6. mai 2024
Tid
19:00 - 20:30
Sted
Lom folkebibliotek
Harastølen - Klikk for stort bilde Marit Bendz

Harastølen på toppen av ei fjellhylle inst i Sognefjorden. 
Det heile starta i 1902. Fyrst kom dei tuberkuløse. Deretter kom to båtlaster frå Bergen med «galningar» som måtte ha ein ny stad å bu då Rosenbergs asyl vart rive. 30 år etter kom flyktningane frå Bosnia-Hercegovina.
Staden er spekka med lagnader, dramatikk, død og kjærleik. Historier som er i ferd med å bli gløymde. Denne boka har fanga nokre av dei. Etter mange tiår med forfall er det håp om at folk på nytt kan sjekka inn. På Harastølen Hotell.

Oddrun Midtbø (f.1964) har arbeidd som journalist i over 40 år. Ho er frå Luster og har vakse opp med Harastølen. I august vart boka om Harastølen lansert, og no kjem forfattaren til Lom.

Arrangør

Lom folkebibliotek