Er du førebudd på ei krise?Vi lever i ei uroleg verd, med mellom anna klimaendringar, krig og digitale truslar. Sjølv om det meste fungerer som det skal i Norge, må vi vere førebudde på at ekstremvêr, pandemiar, ulukker, sabotasje og - i verste fall - krigshandlingar kan ramme oss.Korleis vil du og dine næraste klare dykk dersom straumen blir borte i ein lengre periode? Kva om mobilnettet forsvinn og datalinjene er nede? Kva gjer du dersom vatnet forsvinn? Kva om du ikkje får handla på ei veke?Under har kommunen samla ulike råd til korleis du kan førebu deg på slike situasjonar. Råd om eigenberedskapDSB anbefaler at flest mogleg er førebudd på å klare seg sjølv i ei veke i ei krise. Dette fordi kommunane og naudetatane må prioritere dei som ikkje klarar seg utan hjelp i ei krise.Er du førebudd?Korleis vil du og dine nærmaste klare dykk dersom straumen blir vekke i ei lengre periode? Kva gjer du dersom vatnet forsvinn? Kva om du ikkje får handla på ei veke? På nettsida Sikkerhverdag finn du informasjon om eigenberedskap og korleis du kan førebu deg på ei krise. Gå til sikkerhverdag Slik kan du få informasjon frå kommunenKommunen kan informere ut til innbyggjarane på desse måtane:informasjon på nettsida www.lom.kommune.no informasjon og varsel via sms-meldingar. Les meir om SMS-varslingved fullstendig bortfall av elektronisk kommunikasjon, vil ikkje varslingsmetodane over vere tilgjengelege. Les meir om dette under punktet Tryggheitspunkt. NB! Sosiale media blir av omsyn til informasjonssikkerheit ikkje nytta under kriser. Vi ber om at alle ser til kommunen si nettside for å finne informasjon, og er kritiske til informasjon ein innhentar i sosiale media. Når mobiltelefonen ikkje har dekningSjølv om du har mista dekning på din mobiltelefon, kan det hende at naudanrop (110, 112 og 113) vil fungere. Dette vil skje dersom det finst mobilleverandørar som har dekning i området. Merk at det er litt større sannsynlegheit for at 112 vil fungere enn dei andre numra.Ver også merksam på at det ofte vil vere mogeleg å ringe via Wifi, sjølv om mobilnettet er nede. Vi rår deg til å sette deg inn i korleis du gjer dette på din telefon.Elles vil du kanskje oppleve (om det ikkje er eit fullstendig bortfall av mobilnett) at du kan få signal om du bevegar deg inn i eit anna område.Kanskje har du naboar som har ein annan mobilleverandør enn deg?Sjå elles punktet om tryggheitspunkt ved langvarig bortfall av elektronisk kommunikasjon.Tryggheitspunkt ved bortfall av elektronisk kommunikasjonBortfall av elektronisk kommunikasjon (EKOM) betyr at du ikkje kan ringe, sende sms, bruke internett eller mobilnett. Ved langvarig bortfall av EKOM kan du møte fram på faste oppmøtestader for å få informasjon og kontakte kommunen. Primærmøtepunkt for helsehjelpLom helseheim, Krokamyrvegen 18, 2686 LomInformasjonspunkt i grendeneBøverdalen samfunnshus, Sognefjellsvegen 1931, 2687 BøverdalenGarmo bygdahus, Eklevegen 2, 2685 GarmoLidarende i Lia, Liavegen 725, 2686 LomLom folkebibliotek, Bergomsvegen 29, 2686 LomKriseleiinga vil fortløpande etablere andre treffpunkt/kommunikasjonspunkt avhengig av hending/omfang.Varsling i kriser - naudvarsel på mobilVed kriser og ulukker er det viktig at du har tilgang på offisiell informasjon om kva som skjer og kva du bør gjere. På nettsida Sikkerhverdag finn du informasjon om kanalane som norske styresmakter kan nytte for å nå ut til befolkninga ved kriser. Les om kommunikasjon i kriser på Sikkerhverdag.noFinn din beredskapsvenDet kan vere krevjande å planlegge eigenberedskap for ei veke. Hugs at familie, vener og naboar kan hjelpe kvarandre om gode løysingar. Finn ut kven som kan trenge di hjelp og kven du sjølv kan få hjelp frå.Om til dømes naboen din har ein annan mobil- eller internettleverandør enn deg, kan dekningen vere nærare enn du trur!Les om felles eigenberedskap på sikkerhverdag.noNaudnummer110 Brann112 Politi (når det er behov for hjelp med èin gong).113 Medisinsk naudtelefon (når det er akutt og står om liv).1412 Naudtelefon for døve og høyrslehemma. Naud-SMS er ei teneste som gjer det mogleg for deg som er døv, høyrslehemma eller talehemma å kontakte naudnummer via SMS (tekstmelding). For å bruke tenesta må du først registere nummeret ditt på www.nodsms.no Sist endret 19.05.2026 10.19