Når blir systemet brukt?
Kommunen informerar innbyggjarar digitalt ved hendingar der dette er føremålstenleg.
Det kan vere ved vassavstenging, stengte vegar, evakuering, generelle servicemeldingar eller andre tilhøve som krev rask informasjon.
Varsling24 varslar via SMS, e-post, og talemelding til fasttelefon. Meldinga blir sendt som SMS til mobiltelefon og epost, til alle innbyggjarar over 16 år i ein husstand og alle kontaktpersonar i ei bedrift.
Alle einingar i eit burettslag/sameige blir og varsla. Forutsetninga er at bebuarane er oppført i Folkeregisteret med riktig adresse og at dei har kontaktinformasjon i Kontaktregisteret.
Korleis finn vi deg?
Varsling24 nyttar ulike registre for å identifisere og innhente kontaktinformasjon for innbyggjarar i ein husstand og kontaktpersonar i ei bedrift.
For privatpersonar hentar Varsling 24 kontaktinformasjon frå det nasjonale kontaktregisteret. For bedrifter blir kontaktinformasjon henta frå enhetsregisteret.
Enhetsregisteret
Oppdater eller sjekk kontaktinformasjon
Kontaktinformasjon er mobilnummeret og e-postadressa di. Dersom stat og kommune skal sende deg eit elektronisk varsel, som gjeld deg som privatperson, er det denne kontaktinformasjonen som blir brukt.
For å oppdatere eller sjekke kontaktinformasjon kan du gå til norge.no.
norge.no
Tilleggsoppføring
Treng du å motta varslingar for ei adresse i tillegg til di oppføring i offentlege register? Da kan du legge deg til i Tilleggsregister. Dette gjer du via varslemeg.no.
varslemeg.no