Idéen til prosjektet, Moderne klassikarar, kom med Fritt Ord si utlysing av prosjektmiddel til formidling av klassikarar i bibliotek i 2017. Lom folkebibliotek valde å vinkle satsinga inn mot ny, norsk kvalitetslitteratur og potensielle klassikarar for framtida. Vi inviterte med oss fire av våre fremste litteraturkritikarar til å kåre dei 25 bøkene dei meiner har størst potensial til å bli klassikarar for framtida. Bøkene er skjønnlitterære utgjevingar skrive av norske forfattarar frå 2013 til 2017. Dette er bøker som alle folkebibliotek i landet har mottatt gjennom den statlege innkjøpsordninga og skal ha i samlingane sine i minimum fem år.
Litteraturkritikarane Bernhard Ellefsen i Morgenbladet, Bjørn Ivar Fyksen i Klassekampens Bokmagasinet, Merete Røsvik og Janneken Øverland står for kåringa og har skrive ei kort omtale til kvar av bøkene.
Lom folkebibliotek har invitert andre bibliotek til å bli med i klassikar-prosjektet for å sette fokus på ny, norsk kvalitetslitteratur i Bokåret 2019. Totalt er 65 bibliotek frå Mandal i sør til Beiarn i nord med.
På denne nettstaden ligg lista med dei nye klassikarane i sin heilskap.
I tillegg til Fritt Ord, har Kulturrådet, Sparebank1 Lom og Skjåk, og G-Kultur støtta prosjektet.