Barnehagane - Lom kommune

Inngangsdøra på Midtgard er låst

Døra på Midtgard vil vere stengd frå og med måndag 13. april.

Har du behov for å snakke med ein sakshandsamar, ber vi deg ta kontakt på førehand.
Du når oss på telefon 61 21 73 00

Barnehagane

I Lom har vi to kommunale barnehagar: Loar barnehage og Garmo barnehage. Barnehagane samarbeider tett og har felles visjon, mål og pedagogisk plattform.

Bringbær i barnehender

Garmo barnehage

Garmo barnehage ligg rett ved skogen oppunder Høgkollen.

Barnehagen har sin eigen lavvo og naturen er ein viktig del av kvardagen. Ungane får utforske, leike og oppleve gjennom aktivitetar i det fri - heile året.

Garmo barnehage har tre avdelingar, med trygge og engasjerte vaksne som legg til rette for gode opplevingar, læring og utvikling for ungane.

Avdelingar i Garmo barnehage: 

Loar barnehage

Loar barnehage ligg rett ved friluftsmuseet Presthaugen. 

Presthaugen og nærområdet blir flittig brukt, og gir rom for både store eventyr og små oppdagingar – uansett årstid.

Loar barnehage har fire avdelingar, der trygge, engasjerte vaksne legg til rette for leik, læring og gode opplevingar for alle ungane.

Avdelingar i Loar barnehage: 

Blome i barnehender