Ferie og fridagar i barnehagane

Her på sida finn du ei oppdatert oversikt over både feriestenging og planleggingsdagar, slik at du kan vere i forkant og planleggje familien sine dagar på ein god måte.

Kort fortalt: 

  • Alle barn skal ha 3 veker samanhengande ferie i skulen sin ferie.
  • Barnehagane er stengde 6 planleggingsdagar i året.

Barnehagane følgjer faste feriar gjennom året. Ferie er viktig både for barna, som får kvile og nye opplevingar, og for personalet, som får høve til å hente nye krefter til eit nytt barnehageår.

I tillegg har barnehagane fleire planleggingsdagar i løpet av året. På desse dagane er barnehagen stengd for barna. Personalet brukar dagane til fagleg utvikling, planlegging og samarbeid, slik at vi kan gi barna eit best mogleg tilbod i kvardagen.

Barnehagane er stengde på følgande dagar: 

  • julekvelden
  • nyttårskvelden
  • romjula
  • påskeveka 
  • sommarstengd i vekene 29, 30 og 31.

Planleggingsdagar barnehageåret 2026/2027

  • Fredag 27. november 2026
  • Måndag 04. januar 2027
  • Måndag 15. mars 2027 
  • Fredag 07. mai 2027 
  • Torsdag 12.august 2027 
  • Fredag 13. august 2027 

Ansvarleg for tenesta: Oppvekst