Søke, svare eller endre barnehageplass

Her finn du informasjon om korleis du søkjer barnehageplass i Lom kommune, kva fristar som gjeld, og kva rettar du og barnet ditt har. 

  • Du kan søke om barnehageplass gjennom heile året. Du kan søke, endre plasstype eller svare på tilbod om plass i Føresettportalen
  • Søknadsfrist til hovudopptaket er 15. februar. Nytt barnehageår startar samstundes som skuleåret.

Hovudopptak

Alle barn som fyller eitt år innan utgangen av november 2025, har rett til barnehageplass frå starten av nytt barnehageår i august – så lenge søknaden er sendt innan 15. februar 2026.

Vi gjer merksam på at retten gjeld plass i ein barnehage i kommunen, men ikkje nødvendigvis i den barnehagen du har som førsteval.

Har du allereie barnehageplass, men ønskjer å gjere endringar frå nytt barnehageår, er det også viktig at du sender ny søknad innan fristen. 

Hovudopptak skal vere ferdig med melding om plass før 1.mai. 

Utanom hovudopptaket er det mogleg å søkje om plass gjennom heile barnehageåret. Barnehagane tek i mot barn dersom det er ledige plassar og tilstrekkeleg bemanning.

Ansvarleg for tenesta: Oppvekst