Før vigselen må brureparet sende eigenerklæringar, forlovarerklæringar og andre nødvendige dokument til Folkeregisteret. Dei kontrollerer at alle vilkår for å inngå ekteskap er oppfylte, og vil deretter utstede ein prøvingsattest.
Attesten er gyldig i fire månadar og må vere mottatt av Lom kommune seinast to veker før vigselsdatoen.
Har de spørsmål knytt til prøvinga, må desse rettast til Folkeregisteret ved regionalt skattekontor. Endeleg vigselsattest blir sendt til dykk frå Folkeregisteret etter vigselen.
Skjema og rettleiing finn de på skatteetaten.no