Bustøtte og startlånStartlån og tilskot frå kommunen kan hjelpe deg som har hatt langvarige problem med å få lån i vanleg bank til å kjøpe eller tilpasse eigen bustad. BustøtteBustøtte er ei behovsprøvd statleg stønadsordning for dei som har låg inntekt og høge bukostnader. Husbanken og kommunen samarbeider om bustøtteordninga. Husbanken fattar vedtak, men det er kommunen som behandlar søknaden og har all kontakt med deg som søkjar. Kan du ha rett til bustøtte? Har du høge buutgifter, men låg inntekt? Da kan du ha rett til bustøtte!Sjekk om du kan få bustøttePå Husbanken sine nettsider kan du sjå kven som kan få bustøtte, kva slag krav som gjeld for bustaden og kva for inntektsgrenser som gjeld. Du kan og prøve bustøttekalkulatoren.Lenke til husbanken sine nettsiderSøk bustøtteSøknadsfristen for bustøtte er den 25. kvar månad. Utbetaling skjer ca. den 20. i påfølgjande månad. Dersom du får godkjent bustøtte, blir søknaden din overført til neste månad. Får du avslag fordi du har høg inntekt ein månad, blir søknaden din automatisk overført til neste månad.Slik søker du bustøtteMeld frå om endringarDu har plikt til å melde frå dersom det er endringar i nokon av opplysningane du har gitt i søknaden. Sjekk alltid at det er brukt riktige opplysningar i vedtaket du får. Har du endringar, melder du desse inn ved å logge deg inn i Min bostøtte på husbanken si heimeside.Klage på vedtak om bustøtteDersom du meiner noko er feil i vedtaket, kan du klage innan 3 veker etter du fekk vedtaket.Her kan du klagaRegelverkLov om bustøtteForskrift om bustøtteMeir informasjonDu finn meir informasjon om bustøtte på husbanken.no. Du kan og ta kontakt med kommunen for å få hjelp og rettleiing. StartlånStartlån er eit lån frå kommunen som skal hjelpe deg som har vanskar med å få lån i vanleg bank, til å kjøpe eigen bustad. Lånet kan også brukast til å utbetre eller tilpasse bustaden du bur i. Ordninga er behovsprøvd, og du må kunne betale lånet tilbake.FormålStartlån frå kommunen er for deg som har langvarige problem med å få boliglån i vanleg bank. Dette gjeld mellom anna barnefamiliar, eldre, personar med nedsett funksjonsevne og fyrstegongsetablerarar. Kven kan få lånKommunen kan gje startlån til personar som ikkje får lån eller tilstrekkeleg lånebeløp i ordinær bank.Startlån er behovsprøvd og det skal leggjast vekt på om søkjar: Er forventa å ha langvarige problem med å finansiere eigd bustad Har benytta moglegheita til sparing innanfor dei økonomiske moglegheitane søkjar si inntekt og nødvendige utgifter til livsopphald gjev.Kommunen kan gje startlån i følgjande situasjonar for søkjar:husstanden har barn eller særlege sosiale eller helsemessige utfordringar og hensynet til å sikre ein trygg, god og stabil busituasjon innan stutt tid taler for det husstanden har problem med å dekkja buutgiftene, og refinansiering med startlån kan bidra til at husstanden kan verta buande i eigd bustadbusituasjonen hindrar moglegheitane til å oppretthalde eit arbeidsforhald, eller hindrar utvikling av det lokale næringslivet Kva kan det gjevast lån til?Kommunen kan gje lån til:kjøp av bustadutbedring og tilpasning av bustad,oppføring av ny bustad ogrefinansiering av dyre lån dersom det bidrar til at husstanden kan bli boande i bustadenBustaden skal vere egna for husstanden, nøktern og rimeleg samanlikna med prisnivået på stadenKva kan det ikkje gjevast lån til?kjøp og/eller utbetring av landbrukseigedomarfinansiering av utleigebustadrefinansiering av anna lån enn bustadlånDu kan heller ikkje få startlån dersom:du har gjeld til kommunen på grunn av tidlegare misleghald av bustadlån og /eller bustadtilskot eller økonomiske misleghald av leigetilhøve i kommunale bustader. I vurderinga vil det også leggjast vekt på betalingsmisleghald overfor andre kreditorar.du ha søkt om gjeldsordning eller har inngått gjeldsordningsavtale jfr. Gjeldsordningsloven av 17.07.92.du tidlegare har fått innvilga startlån til same husstanddu tidlegare har fått kjøpslån, oppføringslån, etableringslån eller bustadtilskot.SøknadsskjemaGå til elektronisk søknadsskjema på Husbanken si nettside.TipsUnder min side på Intrum.no finn du oversikt over låna.Opprett avtalegiro inne på "min side" slik at du slepp å betale manuelt kvar månad!Meir informasjonMeir informasjon om startlån og tilskot finn du på husbanken.no. Det er Nav Sel som er kontaktperson og sakshandsamar på startlån for Lom kommune.Kontaktperson startlån Nav Sel: Merethe Olstad Sylte, tlf: 91994869 Startlån til fyrstegongsetablerararLom kommune er med i ei ny forsøksordning hjå Husbanken, der ein rettar seg mot dei som kjøper seg bustad for fyrste gong. Føremålet er at det skal bli enklare å få bustadslån for personar som har utfordringar med å koma seg inn på bustadsmarknaden.Kven passar ordninga for?Du må vere førstegangsetablerar (ikkje tidlegare eigd eigen bustad)Søkjar må ha minst 5 % eigenkapital av marknadsverdien på bustaden Du må ikkje ha fått boliglån frå privat bank før LånevilkårMaks 30 års nedbetalingstid, med avdrag frå starten Etter 10 år må restgjelda refinansierast – anten i privat bank eller via ordinært startlån Lånet skal vere behovsprøva, og du må ha evne til å betjene både lån og vanlege livsopphaldMeir informasjonMeir informasjon om denne ordninga finn du på husbanken.no. Det er Nav Sel som er kontaktperson og sakshandsamar på startlån for Lom kommune.Kontaktperson startlån Nav Sel: Merethe Olstad Sylte, tlf: 91994869 Sist endret 12.03.2026 15.09