Målgruppa for dei kommunale bustadane er personar som er vanskelegstilte på bustadmarknaden, og som av ulike grunnar treng hjelp til å skaffe eller behalde ein eigna bustad.
Ein kan vere vanskelegstilt på bustadmarknaden til dømes på grunn av:
- økonomiske utfordringar
- nedsett funksjonsevne
- helse- eller sosiale utfordringar
Dersom det er ledige kommunale bustadar, og ingen søknadar frå personar som er vanskelegstilte på bustadmarknaden, kan andre personar få innvilga søknad. Kommunen vil gjere ei skjønnsmessig vurdering av kven som skal få innvilga søknad. Kommunalt tilsette og folk som ynskjer å busette seg i Lom kommune på lang sikt vil bli prioritert høgast i denne kategorien.
Les retningslinjene for tildeling av kommunal bustad i Lom kommune før du søkjer, for å lese meir om kven som kan få tilbod og kva kriterium som gjeld.
Retningslinjer kommunal bustad