Lærlingkollektivet

Skal du vere lærling eller arbeide for ei avgrensa periode i Lom, og treng ein stad å bu? Då kan lærlingkollektivet vere noko for deg!

Lærlingkollektivet er eit pilotprosjekt i Lom kommune, utvikla som del av eit større bustadsosialt arbeid støtta av Husbanken. Målet er å gjere det enklare for unge vaksne i utdanning eller midlertidig arbeid å finne ein god stad å bu medan dei oppheld seg i Lom. Tilbodet skal bidra til å styrkje rekrutteringa til lokalt arbeidsliv og gjere kommunen meir attraktiv som bu- og arbeidsstad. Samstundes gir prosjektet kommunen høve til å prøve ut nye modellar for framtidig forvaltning og bruk av den kommunale bustadmassa.

Prosjektperioden går over tre år, i perioden 2026–2029, og vil bli evaluert undervegs.

Bilete av lærlingkollektivet

Her kan du sjå nokre bilete frå bustaden lærlingkollektivet skal vere i. Bustaden skal møblerast i løpet av våren.