Tilbodet er retta mot unge vaksne opp til 30 år, som har:
- lærlingplass eller er i eit tidsavgrensa arbeidsforhold i Lom* (1-3 år)
- behov for bustad i kommunen i ein avgrensa periode
Leigetakarar må vere sjølvhjelpen, kunne bu i kollektiv utan tilsyn og vere villig til å følgje husordensreglar og bidra til eit godt bumiljø.
Dersom det kjem fleire kvalifiserte søknadar enn plassar, blir det prioritert ut frå mellom anna ønskja leigeperiode og tidspunkt for innflytting. Sjå meir om dette i Retningslinjer for tildeling (PDF, 105 kB).
*Tilbodet er fortrinnsvis for dei med lærlingplass eller arbeidsplass i Lom, men vi opnar også for dei som jobbar i nærliggande kommuner.