Lomskollektivet

Skal du vere lærling eller arbeide for ei avgrensa periode i Lom, og treng ein stad å bu? Då kan lomskollektivet vere noko for deg!

Lomskollektivet er eit pilotprosjekt i Lom kommune, utvikla som del av eit større bustadsosialt arbeid støtta av Husbanken. Målet er å gjere det enklare for unge vaksne i utdanning eller midlertidig arbeid å finne ein god stad å bu medan dei oppheld seg i Lom. Tilbodet skal bidra til å styrkje rekrutteringa til lokalt arbeidsliv og gjere kommunen meir attraktiv som bu- og arbeidsstad. Samstundes gir prosjektet kommunen høve til å prøve ut nye modellar for framtidig forvaltning og bruk av den kommunale bustadmassa.

Prosjektperioden går over tre år, i perioden 2026–2029, og vil bli evaluert undervegs.

Prosjektet heitte tidlegare Lærlingkollektivet, men har no endra namn til Lomskollektivet.

Bilete av Lomskollektivet

Her kan du sjå nokre bilete frå bustaden lomskollektivet skal vere i. Bustaden skal møblerast i løpet av våren.