Bustadtomter

Lom kommune har fleire attraktive bustadtomter for deg som ønskjer å byggje hus – både i og nær sentrum, og i bygdene rundt.

Kommunale tomter

Vi har ledige tomter i Lom sentrum og i Bøverdalen. Det er òg fleire nye tomter under planlegging i Garmo.

Private tomter

I tillegg til dei kommunale tomtene finst det byggjeklare tomter nær sentrum som er privateigde.

Dersom du er interessert i ei privat tomt, må du sjølv ta kontakt med grunneigar og forhandle om pris og vilkår. Informasjon om eigarforhold får du ved å vende deg til kommunen.

Sjå ledige tomter på finn.no

Spreidd bustadbygging

Dersom du ønskjer å byggje i område som er sett av til spreidd bustadbygging, må du sjølv sørgje for:

  • godkjend tilkomstveg
  • tilfredsstillande vatn- og avlaupsløysing
  • vurdering av skredfare der det er aktuelt

Har du ei tomt til sals?

Vi oppmodar gjerne private grunneigarar til å melde frå dersom dei har ledige tomter til sals.

Send inn ein kort tekst, eit bilete og kontaktinformasjonen din – så legg vi det ut her, saman med informasjonen om dei andre privateigde tomtene.