Kommunal bustadLom kommune tilbyr kommunale bustadar til deg som treng ein trygg og god stad å bu.Lom kommune har fleire kommunale bustadar, alle fint plassert i eller i nærleiken av Lom sentrum. Desse bustadane er eit midlertidig tilbod for deg som av ulike grunnar har utfordringar med å finne ein eigna bustad på den private marknaden. Kva er ein kommunal bustad?Kommunale utleigebustadar er eit behovsprøvd verkemiddel for å hjelpe vanskelegstilte på bustadmarknaden til å få leige ein eigna bustad. Bustaden er eit midlertidig tilbod. Utleigebustadane kan også bli leigde ut i høve rekruttering av kommunalt tilsette eller til innbyggjarar som ikkje er vanskelegstilte på bustadmarknaden, men vanskelegstilte på bustadmarknaden har fortrinnsrett. Kven kan få kommunal bustad?Målgruppa for dei kommunale bustadane er personar som er vanskelegstilte på bustadmarknaden, og som av ulike grunnar treng hjelp til å skaffe eller behalde ein eigna bustad.Ein kan vere vanskelegstilt på bustadmarknaden til dømes på grunn av:økonomiske utfordringarnedsett funksjonsevnehelse- eller sosiale utfordringarDersom det er ledige kommunale bustadar, og ingen søknadar frå personar som er vanskelegstilte på bustadmarknaden, kan andre personar få innvilga søknad. Kommunen vil gjere ei skjønnsmessig vurdering av kven som skal få innvilga søknad. Kommunalt tilsette og folk som ynskjer å busette seg i Lom kommune på lang sikt vil bli prioritert høgast i denne kategorien. Les retningslinjene for tildeling av kommunal bustad i Lom kommune før du søkjer, for å lese meir om kven som kan få tilbod og kva kriterium som gjeld. Retningslinjer kommunal bustadSlik søkjer du: Lom kommune nyttar Husbanken sitt system for kommunale bustadar (KOBO). Ved søknad på kommunal bustad via KOBO kan kommunen innhente opplysningar direkte frå Folkeregisteret og Skatteetaten, som legg grunnlaget når søknadar på kommunal bustad skal vurderast.Søknadar skal så langt det går sendast via KOBO. Om du av ulike grunnar ikkje får søkt via KOBO kan ein skriftleg søknad med vedlagt dokumentasjon leverast til Lom kommune i servicetorget eller på e-post til post@lom.kommune.no.Saksbehandlar kan kontakte søkjar for ytterlegare informasjon.KostnadLeigeprisane for dei kommunale bustadane fylgjer gjeldande gebyrregulativ. Denne vert politisk vedteke kvart år.Prisane vert indeksregulert kvart år.Gå til gebyrliste Sist endret 05.12.2025 12.36