Kontor i Lom

Her finn du ei oppdatert oversikt over ledige kontorlokale i Lom kommune. Er du nysgjerrig eller ynskjer omvising? Ta gjerne kontakt med eigar av lokalet – eller med næringssjefen for å få hjelp vidare.

Redusert arbeidsgjevaravgift i Lom

Visste du at arbeidsgjevar kan få redusert arbeidsgjevaravgift dersom verksemda etablerer kontorplass i Lom?
Kommunen ligg i sone 3, med arbeidsgjevaravgift på berre 6,4 %.

For mange kan dette vere eit godt argument for å vurdere kontorplass her – også for arbeidsgjevarar som kanskje ikkje umiddelbart ser verdien av å ha ein desentralisert arbeidsplass.

For å få redusert arbeidsgjevaravgift må verksemda registrere ei undereining i Brønnøysundregisteret.

Ynskjer du å prøvesitte?

Lom kommune ynskjer å legge til rette for at bedrifter, studentar og folk med stadsuavhengig arbeidsplass kan prøvesitte gratis i eit kontorfellesskap i Lom i ein periode. Kommunen kan gje eit tilskot på inntil kr. 10 000,- per søkjar, avgrensa til maks kr. 2500,- per månad og maks fire månadar. 

Gå til søknadsskjema 

Nilsbue kontorfellesskap

Norsk fjellsenter

Lom næringsbygg

Liavegen 65

Murgarden

 

Fjellkontor i Lom