Kyrkjekontoret i Lom - Lom kommune

Informasjon til deg som skal på Midtgard

Inngangsdøra er nå open att, men det er låst vidare opp til kontora.
Vi ber om at møte med sakshandsamarar blir avtala på førehand. 

Ta kontakt på telefon 61 21 73 00

Har du avtale om eit møte, så vil sakshandsamar hente deg til avtala tid i servicetorget.

Kyrkjekontoret i Lom

Det er tre kyrkjer i Lom kommune; Lom kyrkje, Garmo kyrkje og Bøverdal kyrkje.

Lomskyrkja frå sist på 1150-talet er ei av dei største stavkyrkjene i Noreg, og hadde 850 årsjubileum i 2008. Bøverdalskyrkja hadde 150-års jubileum i 2014. 

Nedanfor finn du lenke til heimesida til kyrkjene i Lom.